Attraktive møteplasser gir attraktive bosteder

I denne velkomsttalen til studentene på det nye studiet i endringsledelse og innovasjon, peker fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt på en fersk rapport fra Telemarksforskning som understreker møteplassene som sentrale for bostedsmønster. Les meir

Lagt inn i Bibliotek som oase, Biblioteklandskap i endring | Skriv eit innspel

Strategisk endring

Korleis gjer vi strategiske endringar? Korleis kan vi få til nyskaping og leie fram gode prosessar? Korleis kan vi motivere til å setje i gong noko nytt? Korleis kan vi møte utfordringane i alle endringane kring oss, utan å bli heilt satt ut minst ein gong om dagen? Dei 25 studentane i endringsleiing, innovasjons- og kunnskapsleiing har høge forventningar til kva dei skal lære på det nye studiet. Les meir

Lagt inn i Bibliotek som oase, Biblioteklandskap i endring, Kompetansestrategi | Skriv eit innspel

Synleg, relevant og tilgjengeleg

I haust skal redaktørane i kommunane og fylkesbiblioteket arbeide vidare med å utvikle  samarbeidsnettstadene for Sunnhordland og Biblioteka i Vest. Hardangerregionen skal også snart lansere sin. Eg er tilbake på denne oppgåva på fylkesbiblioteket, og må hente fram att det eg kan om webkommunikasjon og lære masse nytt. Det er utruleg spennande!
Les meir

Lagt inn i Biblioteksamarbeid, Digitale tenester | 1 innspel

Spennande tankar i Masfjorden

IMG_4805 by hordfyb
IMG_4805 a photo by hordfyb on Flickr.

Bibliotekleiar i Masfjorden, Kjellaug Bolset Strand, har mange tankar og idear om moglege endringar for å gjere tenesta i biblioteket meir tilgjengelege og innbydande for innbyggjarane i kommunen. Siri Sjursen og Lena J. Glesnes frå fylkesbiblioteket besøkte hovudbiblioteket på Hosteland 3. mai, og diskuterte ulike løysingar med ho. Dette blir spennande å følge med på framover! Stå på Kjellaug!

Lagt inn i Uncategorized | Skriv eit innspel

Meir midlar til Distribuert mediekjøp i 2011

Distribuert mediekjøp skal ivareta folkebiblioteka sitt behov for meir spesialisert materiale. Ordninga vart evaluert i mars i år. Resultata frå undersøkinga viser at eit fleirtal på 72 % er nøgd med ordninga, og at nesten 88 % ønskjer at ordninga skal halde fram. Undersøkinga gav også nokre innspel til utbetringar av ordninga, som vi tek med oss vidare. Les rapport over resultata frå spørjeundersøkinga (pdf).

Med bakgrunn i dei positive tilbakemeldingane frå spørjeundersøkinga, har fylkesbiblioteket lyst ut midlane på same måte som tidlegare. Søknadsfristen er i år 1. april 2011; Søknadsskjema. Nytt av i år, er at midlane fylkesbiblioteket har til rådvelde til ordninga med Distribuert mediekjøp,  etter omdisponeringar har auka frå 300 000 til 450 000 kr. Dette vil kome alle biblioteka som deltek i ordninga til gode.
Meir informasjon om Distribuert mediekjøp

Lagt inn i Uncategorized | Skriv eit innspel

Emneord i bloggform

Utgangspunktet for denne bloggen er Emneord – meldingsbladet for Hordaland fylkesbibliotek, med løypemeldingar og diskusjonar kring arbeidet vårt. På denne bloggen vil rådgjevarane utdjupe, diskutere og skrive om det vi arbeider med. Her deler vi også bilde og anna til nytte og glede i bibliotekfagleg arbeid. Velkomen med dine innspel! Her finner du alle artiklane frå Emneord nr. 1. 2011.

Fylkesbiblioteket sin nettstad er framleis vår hovudkanal for formidling av kontinuerlege nyhende og informasjon om tenesta våre.

Lagt inn i Emneord nr 1. 2011 | Skriv eit innspel

Thomas Brevik

er tilsett som den nye barne- og ungdomsbibliotekaren i Lindås frå juni i år, som skal jobbe i hovudbiblioteket, på bokbussen og på bokbåten. Thomas har BREI bibliotekfagleg erfaring, og har også vore bokbåtansvarleg ved fylkesbiblioteket tidlegare. Dette gleder vi oss til! :-)

Lagt inn i Biblioteksamarbeid, Bokbåten | 1 innspel

Biblioteklandskap i endring

Fylkeskultursjef Ruth ØrnholtÅ skrive årsmelding er eit nyttig tilbakeblikk. Vi ser at vi har gjort mykje, samstundes som det gir oss inspirasjon til å brette opp ermene og ta tak i eit nytt år. I 2011 står vi framfor mange nye og spennade utfordringar.
 
 
 

Les meir

Lagt inn i Biblioteklandskap i endring, Emneord nr 1. 2011 | Skriv eit innspel

Kompetansestrategi for biblioteka i Hordaland

Satsing på kompetanse

Spesialrådgjevar Elin GoltenHordaland fylkesbibliotek arbeider med ein strategi for kompetanseutvikling i biblioteka i Hordaland, som er ein heilskapleg, overordna og langsiktig plan for arbeid med og satsing på kompetanse i biblioteka i Hordaland.

Les meir

Lagt inn i Emneord nr 1. 2011, Kompetansestrategi | Skriv eit innspel

Delte meiningar? Sosiale media i folkebiblioteka

Spesialrådgjevar Lena J. GlesnesMange bibliotek i Hordaland bruker sosiale media i møte med brukarane sine. Kva deler dei her?

Alt samla på bloggen

I Austevoll og Tysnes blogger bibliotekleiarane (førebels) på kvar sin blogg med samla informasjon om biblioteket. Nettstadene til biblioteksamarbeida utvikla i Drupal, som biblioteka.ivest.no, fungerer også som ein blogg. Her kan ein kan kommunisere m.a. med chat og kommentarar.

Personleg blogg

Bente Bing Kleiva er den einaste bibliotekleiaren i Hordaland som aktivt blogger på sin eigen personlege blogg. På Bentebing`s Weblog kan ein mellom anna lese om livet
på biblioteket og om bøker og lesing. Her deler ho også mange bilde frå eiga og andre bibliotek via Flickr.

Blogging om litteratur

Bente samarbeider også med andre bibliotektilsette i Meland bibliotek om ein blogg om barnehagebibliotek. Dei tilsette i Nordhordland blogger dessutan nynorske lesetips
Nynorsk blogg. I Kvinnherad og i biblioteksamarbeidet Askøy, Fjell, Sund og Øygarden bruker dei også eigne bloggar til litteraturformidling.

Facebook og twitring

Facebook er på mange måtar best egna for å knyte personlege nettverk. Samstundes er dette det sosiale mediet som flest av oss bruker, og difor gjer det meining at også
biblioteket møter brukarane sine her. Det har vist seg som ein effektiv måte til dømes å invitere til hendingar. Dei ni biblioteka i Hordaland som har sider (nokre har framleis
profilar), nytter Facebook til å formidle nyhende om smått og stort som skjer i ein uformell tone. Dei biblioteka som oppdaterer sida/profi len sin oftast, har naturleg nok flest tilhengjarar/vener. Austevoll folkebibliotek har t.d. 217 tilhengjarar. Her kjem ofte fleire meldingar for kvar dag med lesetips og aktivitetar i biblioteket, og dessutan spørsmål til debatt. Bergen off. bibliotek bruker også si FB-side aktivt og var pr. 20 februar oppe i 917 tilhengjarar. Dei har også satsa på å twitre korte meldingar om nyhende i biblioteket (ikkje berre automatiske nyhende i katalogen) og har no 798 føljarar.

"Yeeh! Vi jobbar i biblioteket". Frå Facebooksida til Os folkebibliotek. Eg får lyst å besøke dette biblioteket. Gjer ikkje du?Å by på seg sjølv

Det er flott at også bibliotektilsette deler, formidler, eksperimenterer med verkty og byr på seg sjølv gjennom ulike tenester. Som Ole Husby påpeikte på Neptunseminaret er deling meir snakk om kultur enn teknologi. Eg trur han har heilt rett i at fordelane med deling heilt klart er større enn ulempane. Vi har alle stor nytte av å la det bli ein naturleg del av arbeidsoppgåvene våre. Samstundes er det viktig med hode og hale for brukarane. Ei oppdatert Facebookside kan ikkje erstatte ein open nettstad der brukarane finn all informasjon om biblioteket og dessutan kan bruke som utgangspunkt for å nytte tenestene og å kommunisere med bibliotekarer. Det kan vere nyttig å trø eit skritt tilbake
og sjå på målsettingane med alt biblioteket formidler på nettet. Kva for verkty er best til kven og kva type tema, og korleis skal verktya fungere saman?

Til slutt eit gamalt jungelord:
“Det hjelp ikkje å twitre og blogge i sør og nord
om du ikkje har oppdatert noko sidan i fjor!”.

Undersøking av sosiale media i folkebiblioteka i Hordaland 8.feb 2011

Undersøkinga blei gjort 8. februar med utgangspunkt i nettstadene til biblioteka.

Lagt inn i Biblioteksamarbeid, Digitale tenester, Emneord nr 1. 2011 | Skriv eit innspel