Distribuert mediekjøp skal ivareta folkebiblioteka sitt behov for meir spesialisert materiale. Ordninga vart evaluert i mars i år. Resultata frå undersøkinga viser at eit fleirtal på 72 % er nøgd med ordninga, og at nesten 88 % ønskjer at ordninga skal halde fram. Undersøkinga gav også nokre innspel til utbetringar av ordninga, som vi tek med oss vidare. Les rapport over resultata frå spørjeundersøkinga (pdf).
Med bakgrunn i dei positive tilbakemeldingane frå spørjeundersøkinga, har fylkesbiblioteket lyst ut midlane på same måte som tidlegare. Søknadsfristen er i år 1. april 2011; Søknadsskjema. Nytt av i år, er at midlane fylkesbiblioteket har til rådvelde til ordninga med Distribuert mediekjøp, etter omdisponeringar har auka frå 300 000 til 450 000 kr. Dette vil kome alle biblioteka som deltek i ordninga til gode.
Meir informasjon om Distribuert mediekjøp
