Fylkesbiblioteket har inngått ein avtale med Lindås bibliotek om utviklingsoppgåver og bibliotekfagleg samarbeid frå 1.januar 2011 til 1.juni 2012, med opsjon på forlenging ut 2014.
Meir tid til utvikling
Fylkesbiblioteket fokuserer i aukande grad på utviklingsoppgåver og har etter kvart mindre kompetanse på førstelineteneste i bibliotek. Folkebiblioteka har liten kapasitet til
å utvikle nye tenester og samstundes ha gode opningstider og høgt aktivitetsnivå. Då stillinga som har blitt nytta til drifte og administrasjon av bokbåten blei ledig, fann vi ut
at vi ville kjøpe kompetanse frå eit kommunalt bibliotek på dei bibliotekfaglege oppgåvene som må utførast i samband med bokbåtdrifta. Dette fyller ikkje ei heil stilling,
biblioteket får difor også frikjøpt tid til å drive utviklingsarbeid.
Lindås – ein sterk samarbeidspart!
Lindås bibliotek blei vald som samarbeidspartnar av fleire grunnar: Kommunen har landets nyaste bokbuss og god erfaring med drift av mobile bibliotektenester. Biblioteket
er med i Nordhordlands samarbeidet, som er landets eldste biblioteksamarbeid. Biblioteket har sitt eige utviklingsprosjekt, ”Det skrankelause bibliotek”, som kan bli modell for små og mellomstore bibliotek i heile fylket.
Ny barne- og ungdomsbibliotekar
Avtalen føreset at Lindås bibliotek til saman stiller til disposisjon ei stilling til utviklingsarbeid og til arbeid med bokbåten. Personale som skal bemanne bokbåten må ha
kompetanse på barne bibliotek arbeid. På grunn av avtalen har biblioteket nettopp lyst ut ei ny stilling som barne- og ungdomsbibliotekar. Vedkommande skal inngå i vaktordninga
og formidlingsarbeidet på hovudbiblioteket, på bokbussen og på bokbåten.
Arbeidsfordelinga
Fylkesbiblioteket har ansvar for drift og utvikling av bokbåttenesta i Hordaland, som m.a. inneber kontraktsarbeid og kontakt med bokbåteigar, samarbeid med fylkesbiblioteka
i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, utvikling av nettstaden for bokbåten og bokbåtklubben. Lindås bibliotek har ansvar for bibliotektekniske oppgåver, som m.a. inneber innkjøp av bøker og anna materiell, katalogisering, planlegging av bemanning og ruteopplegg, oppdatere nettstad. Begge partane kan ta initiativ til utviklingsarbeid.
Forteljingar frå utsida med Geir Olav Jørgensen, Papirkunst med Solvei
Med eleven i sentrum
Det kan til tider vera einsamt å vera den einaste bibliotekaren på ein arbeidsplass. Ein har ingen å rådføra seg med. I Hordaland er det også vorte tilsett mange nye og nyutdanna bibliotekarar på biblioteka i den vidaregåande skulen.
